– Ja, då må du huska å takka

Sola stakk seg fram mellom skydottane og formeleg bad hyggjelege menneske setja seg på  næraste offentlege parkbenk og nyta stunda. Brått vart me to, den eine vel 90 i alder, den skrivande noko yngre.  Praten gjekk om det kvardagslege og sjølvsagt oppfrisking av livsminne.  Lunsjen nærma seg og  det vart tid for å gå kvar til sitt. Då var det det lure smilet kom i andletet til den eldste og desse visdomsord vart servert:

– Ja, eg får  sei som besto mi alltid sa; –  No må du gå fint heim, og skulle du få noko hos nokon – ja, då må du huska å takka!  

Nokre andre gode ordspel å ta med inn i helga:

  • Den som veit mest, snakkar ofte minst
  • Kva ein veit, veit ingen – kva to eller tre veit, veit alle
  • Ingen røyk utan eld
  • Gjer noko godt, så ryktast det minst
  • Når eitt ord bli sagt, blir 10 lagt til

Så nokre ord som var på veg ut av Stordamålet alt for 50 år sidan:

  • Lystemæte = lyst å gjera noko for moro
  • Lægervald = rådlaus, opprådd
  • Løypa = verma ukokt mat til kokepunktet
  • Løypt = halvkokt
  • Magemål = eta med måte