Prisendringar på ferjene i Vestland

Todelt på ferja i trekantsambandet i Langenuen: Dei som skal til/frå Jektavik/Hodnanes med bil må frå i dag betala litt meir – medan dei som skal til frå Jektavik/Nordhuglo og Hodnanes/Huglo framleis reiser gratis. (Foto: Steinar Hystad)

På Skyss sine heimesider meldest det no at det frå og med 1. august blir det ei generell prisauke for køyretøy på alle ferjer som ikkje er gratis. I tillegg blir rabatten for lette nullutsleppskøyretøy redusert i haust.

Prisen på alle ferjestrekningar i Vestland som har betaling blir sett opp ei takstsone frå og med 1. august.

Også prisen for køyretøy på bilførande båtar som følger riksregulativet blir sett opp ei takstsone.

Eksempel på prisendring

  • Måløy til Oldeide går opp frå 85 kr til 91 kroner.
  • Leirvåg til Sløvåg går opp frå 76 kr til 82 kroner. 
  • Hatvik til Venjaneset går opp frå 64 kr til 70 kroner.

Priseksempla gjeld for ein bensin/diesel/hybrid personbil under 6 meter som betaler fullpris.

Du finn gjeldande prisar for alle ferjesamband i ferjepriskalkulatoren på autopassferje.no. I ferjepriskalkulatoren finn du prisen som gjeld for ditt køyretøy og di eventuelle rabattavtale.

Redusert rabatt

Frå 1. september blir rabatten for lette nullutsleppskøyretøy redusert frå 50 prosent til 30 prosent på ferjestrekningane i Vestland som har betaling.