I arbeidet med sikrare vassforsyning i Stord er det søkt om mellombels senking av vassstanden i (inntaksdammen) Vaulane med fem meter. Dette for det skal borast hol for nytt vassuttak i demningen og vidare gjennom eit fjellparti, vatnet skal så renna vidare til Lundsseter gjennom ny leidning lagt langs vegen.
Norges vassdrag og energidirektorat (NVE)gjev løyve til at Stord kommune kan senke Vaulane med inntil 5 meter under kote 320 i perioden 01.08.2024 til 30.09.2024. Løyve er gitt i medhald av vassressurslova § 8. Løyvet blir gjeve på desse vilkåra, går det fram i brev til kommunen:
- Arbeidet skal skje i perioden 1. august til 30. september.
- Nedtapping skal skje i eit kontrollert tempo, slik at fisk og andre vasslevande organismar har tid til å kome seg unna.
- Perioden med senka vasstand skal gjerast så kort som mogleg. Oppfylling til normal vasstand skal skje så raskt som mogleg etter arbeida er avslutta.
- Det skal setjast opp skilt på egna stader for å informere allmennheita om kvifor vasstanden er låg og kor lenge det vil vare.