På tide å tenkja busshaldeplass her igjen?

Ikkje kjekt å sjå at graset får gro i fortauet utfor paviljongen. (Foto: Steinar Hystad)

Då paviljongen i nordenden på hotellbygget som er blitt folkehøgskule vart bygt, med kommunen som byggherre, var det for å bli busshaldeplass med både venterom og offentleg toalett. Ideen vart vel aldri fullbyrda, og kommunen valte til slutt å selja bygget som i mange år i staden vart produksjons- og serveringsstad for pizza og kebab. Verksemda vart avslutta ein gong i fjor, og sidan har lokala vore utan aktivitet. Det viser for tida lite kjekt igjen, med ugras i sterk vekst rett utfor inngangsdøra. Ikkje særleg stas, sentralt i bybiletet som dette er.

Planane for stor kollektivterminal på Bandadalsplassen på andre sida av Vikabrekko/Sævegen er lagt i skrinet, og såleis skulle det vera høvande tid å tenka busshaldeplass med servicetilbod i paviljongen, igjen. Heiter det i ei helsing frå «mann i gata»