Vatnet frå Stembetjødno fossar i vill fart skummande rett forbi Rydlandssago. Utan å gjera særleg nytte for seg, førebels. Når det stundar til sommar i 2023 skal det bli annleis.
– Det skulle visa seg at gamleturbinen som stod modell for den nye som er laga, hadde nokre fleire manglar enn me visste om. Difor må det justeringar til på nyeturbinen, før vatnet kan førast inn og sagbladet kan byrja jobben sin, fortel Harald Rydland til stordront.no. Han er ein av medeigarane i saga og såleis aktiv i arbeidet med å setja det kulturhistoriske bruket i stand.
Første Rydlangssago stod nede ved sjøen inst i Dåfjorden, driven med rein vasskraft frå Tinnelva den også. Då noverande fylkesveg 545 kunne opnast for trafikk i 1910, blei gamlesaga liggjande «avsides» og drifta avslutta. Men alt i 1916 stod dagens versjon av Rydlandssago klar til å skjera skjera tømmer frå lokale skogar. Det var drift fram til 1990, kan me lesa på den nye informasjonstavla som er sett opp ved saga.
– Planen vår er å rigga til rasteplass ved fylkesvegen, slik at godtfolk kan stoppa på og studera den historiske godbiten tett i kommunegrensa mot Stord, seier Harald Rydland.