Når Stordront vågar seg utpå med eit blåbærtips i desse dagar, når det blånar freistande i grøn lyng, har det med smak å gjera. Torsdag kveld testa me nemleg nokre blå blåbær frå forskjellege tuer, berre for å oppleva at smaken var i suraste laget. Bæra treng sol for å få fram meirsmaken, så gje dei nokre dagar til. Juli er no liksom blåbærmånaden.
Elles ser ut for å vera nok blåbær til alle som finn fram spann og plukkar og emnar seg på bærtur i sommar.