– Kor har me sett eit spesielt dyr som liknar på den der? Det var spørsmålet som melde seg då me ein kveld nyleg tok trimturen «ront Landåsen». Var vel komne om lag halvvegs til sjølva Landåsvatnet, då me kasta blikket inn mellom nokre bjørkebuskar på venstre vegskulder.
Der stod ein mosegrodd trestubbefigur som sende tankane rett til Disney si fantasiverd og ein flygande elefantonge med namnet Dumbo.
Her var då både snabel og store øyre…