Ved fleire høve har kommunen motteke etterlysing av eit gangfelt/fartsdump der Trudvangsmoget munnar ut i Borggata (fylkesveg 5050) ved Dampgården. Også nyaste søknaden, motteken no på førsommaren, får nei som svar – sjølv om tanken på gangfelt over gata på denne staden viser seg å vera eit gamal sak. Like tilbake til 1987, då det var synfaring til den private vegen i smoget av utsendingar frå lensmannskontor, kommune og Hordaland Fylke. Dei kom fram til at det ikkje var tilrådeleg å skilta Trudvangsmoget son gang/sykkelsti. Smoget har med bakgrunn eigartilhøvet ikkje vore ein del av eit samanhengande kommunalt gangvegnett. Tiltaket er ikkje å finna i gjeldande trafikksikringsplan.
– Då det ligg mange tiltak som er prioritert i planen, vurderer me at forslaget må vurderast nærare i samband med rullering av trafikksikringsplanen, skriv kommunen i svarbrevet.