Velkommen til friluftsfestival!

Me håpar at mange tek turen til Grøntanlegget ved Storavatnet på Litlabø, søndag 16. juni
kl.1200- 1500. Då vil det vera aktivitetar for besøkande i alle aldrar, og spesielt barnefamiliar er hjarteleg velkomne. Her vil ein kunne prøve luftgeværskyting, kanopadling, hesteskokasting, petanque, kajakkpadling, flogebinding, speidaraktivitetar, orientering, hesteriding og enno fleire lag kan komme til før festivalen startar. I tillegg vil Røde Kors ha stand, hos BUA kan ein låne og prøve ulikt fritidsutstyr og i år vil Mental Helse ha eigen stand på festivalen.

Friluftsfestivalen vert opna av Ivar J. Helleland, ein eldsjel  i arbeidet for gruvemuseet på Litlabø og det er svært kjekt at han vil opna festivalen.

Om været tillet det vil det bli grilling av pølser og me serverer saft og bålkaffe, om det blir for tørt og me ikkje kan bruka grillen,  vil me servere varme pølser i brød til store og små festivaldeltakarar.

Alle aktivitetar og servering er gratis, og me vil takk for pengegåve gitt at Sparebank 1, Sr Bank -Kvinnheradstiftinga, og Ildsjel-fondet i Sparebanken Vest.

Hovudarrangørane bak Friluftsfestivalen er Sagvåg Bygdalag, Stordøy Jeger og Fiskarlag og
Liv & Lyst, og me vil takke alle lag og organisasjonar som skivande stund gjer dette mogleg som Røde Kors, Sunnhordland Padleklubb, BUA, 1. Leirvik Speidargruppe, Mental Helse,  Stord Hesteskolag saman med Stord Petanqueklubb, Stord – Fitjar Hundeklubb og Stord IL Orienteringsgruppe, slik at me kan lage til ein fantastisk dag på Litlabø for alle som ønsker å delta på spanande aktivitetar ilag med kjekke folk.

Vel møtt!

for arrangørane
Karina Mæhle
-Leiar-
Stordøy Jeger og Fiskarlag