God start og god fart, var det viktigaste for å nå over indre del av gjestehamna i Evjo på gyngande pallar. Dei få, av kring 30 startande, som kom seg til mål, beherska på imponerande vis kunsten å (nesten) gå på vatnet.
Nokre kom halvvegs, medan ordføraren og kollegaer frå kommunestyret fekk balansevanskar på sviktande underlag etter få palletrakk. Men god underhaldning var det, som samla mange hundre langs bryggekanten.
Det er å rekna med palleløpet er på programmet også neste «Folk i sentrum».