Jubilerte med marsipankake og bålkaffi

Jubileumskake frå Turlaget i Stuvikjo gapahuk torsdag, servert av Bodil Sætrevik og Sofie Junge (t.h). (Foto: Steinar Hystad)

På 30 år har Stord Fitjar Turlag klart å bli eit av dei store innan organisert fritid i kommunane på øya. Gjennom tilboda frå laget har mange fått spreke turvanar, –  og godt humør som eit tilleggsgode.  NaTURleg då, at 30-årsjubileet  vart markert på siste fellesturen  denne våren for seniorane som satsar på å vera aktive til 100. Utferda gjekk frå Møllebruo til gapahuken i Stuvikjo, der raudvestkledde vertar baud på   framifrå gild marsipankake attåt sterk bålkaffi.  Det blei sjølvsagt  avsynging av gratulasjonssongen, –  med Svein Harald Grov som røysefør oppsongar.

I helsing frå styret sa nestleiar Frank Breistein at mange av dei som var med og skipa  Stord Fitjar Turlag  i 1994, framleis har glede av å halda kroppen i rørsle med gåing i fellesskap med andre. Seniorgruppa er viktig for laget. Og «Aktiv til 100» er blitt ei suksess,  med største avdelinga i Sagvåg/Litlabø som har sine turar til gapahuken ved Hustrudalsvatnet.

Nestleiar Frank Breistein helsa frå Turlaget og fastslo at seniortilbodet «Aktiv i 100» er blitt ein suksess. (Foto: Steinar Hystad)
Nykokt bålkaffi smakar ekstra godt på tur. (Foto: Steinar Hystad)