Tysdag byrja entreprenør Rivenes («hvem ellers..» som det står på reklameplakaten) jobben med å riva Turnhallen øvst i Borggata. Ein helst omfattande jobb, då riving i våre dagar set strenge krav til sorteringa av avfallet. I Turnhallveggene er det kolossale mengder raud murstein, kor ein stor del kjem til å bli lagt att som ifyll av kjellaren, opplyser Bjørn Øyvind Jørgensen i Ing. Jørgensen AS til Stordront.no.
Tomten skal vera klar til byggestart i september og derfrå blir det rekna 18 månaders byggetid fram til Turnhalltoppen med 25 nye husvære er klare til inn flytting. Jørgensen kan fortelja om god interesse for dei nye husværa i Leirvik sentrum.