Etter vedtak i kommunestyret, la Stord hamnestell tidlegare i vår Tongaskjerskaien på Sørhuglo ut for sal. 28. mai, sender Huglo
Bygdelag brev til ordførar, kommunedirektør og hamnesjef, med melding om at laget er kjent med at kaien er selt for 675.00 kroner.
Kaien er i så dårleg teknisk stand at hamnestellet har stengt han for all køyring. Skiltet står framleis på kaien, som i mange tiår har vore ein viktig del av infrastrukturen på øya.
– Ved å leggja kaien ut for sal, sparte kommunen investeringskostnader på 6 millionar kroner i ny kai/vøla. Ved utført sal har kommunen i tillegg fått inn 675.00 kroner. Huglo Bygdalag tykkjer det hadde vore på sin plass at i alle fall 50% av salssummen fall attende til samfunnet på Huglo. Det er nok av tiltak som bør prioriterast på øya, skriv bygdelaget, som no ser fram til ei tilbakemelding frå Stord kommune.