Det har vore stort engasjement i skuledebatten i Stord siste tida. I kommunestyret torsdag stod koalisjonen (FrP, H, V, og KrF) på sitt og vann etterkvart fram med 18 røyster mot Ap, Sv, Sp, R og INP sine 17 røyster. Dermed vert Litlabø skule nedlagt frå hausten av. Leirvik skule (biletet) og Langeland skule kan bli slått saman i løpet av nokre år.
Dette er vedtaket:
1. Kommunestyret vedtek å leggja ned Litlabø skule frå skuleåret 2024-25 etter Alternativ 1 i Kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024- 2034.
a) Kommunestyret gir kommunedirektøren i oppdrag å oppgradera/ auka kapasiteten på lærararbeidsplassar og garderobar ved Tjødnalio skule i samband med nedlegging av Litlabø skule og auke i tal lærarar på Tjødnalio skule.
b) Kommunestyret gir kommunedirektøren i oppdrag å syta for at trafikksikrings-tiltak knytt til Tjødnalio skule og skuleveg vert gjennomførte etter kommunen sin trafikksikringsplan. Avbøtande tiltak skal iverksetjast innan dette er på plass.
c) Kommunestyret set av 9 mill. kr til oppgradering av Tjødnalio skule og gjennomføring av trafikksikringstiltak i samband med nedlegging av Litlabø skule.
2. Kommunestyret ønsker ein forstudie som skal utgreia etablering av ein samanslått Leirvik-Langeland Skule opp mot opprusting av eksisterande skuleanlegg ved Leirvik og Langeland.
a) Alternativ 1 skal greia ut ei skulesamanslåing mellom Langeland og Leirvik skule til ein ny skule. Alternativet skal synleggjera kostnadsbiletet med ein ny skule med uteområde tilpassa elevtalet. Skulen skal ha fasilitetar som er rekna ut frå elevtalet i skulekrinsen i alternativ 3b. Alternativet skal lokaliserast på eksisterande og utvida tomt ved Langeland skule. Alternativet skal innehalde ny fleirbrukshall der ein nytter midlane som er avsett til ny rackethall. Forstudien må vise korleis ein ser for seg framtidig handtering og organisering av SFO Handtering og organisering av framtidig innføringstilbod til elevar i barneskulealder
b) Alternativ 2 skal greia ut ein skulestruktur der ein held fram med Leirvik og Langeland skule. Alternativ 2 skal legge allereie planlagt utbetring av Langeland skule til grunn, og utgreie behov for nybygg og standardheving ved Leirvik skule. Alternativ 2 skal synleggjera kostnadsbiletet med oppgradering av Leirvik og Langeland skule. Forstudien må basere seg på oppdaterte elevtal i kommuneplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024-2034, og vise mulige endringer i dimensjonering av størrelsen på skulen. Forstudien skal då også synleggjere kostnadbiletet med å gjennomføra nødvendige utbetringar av dei trafikale tilhøva ved Leirvik og Langeland skule.
c) Forstudien skal omtale dei skulefaglege og pedagogiske betrakningane ved alternativa.
d) Forstudien må ha ei detaljert og grundig analyse av dei framtidige finansielle kostnadene ved dei ulike alternativa samt driftskostnadane både for bygg, ledige elevplassar. og ressursutnytting.
e) Forstudien skal ha ei grundig utgreiing om korleis ein kan betra trafikktilhøva og dei ulike skulevegane frå dei ulike områda i alternativa.
f) Kommunestyret ber administrasjonen gå i dialog med Statens Vegvesen og Vestland Fylkeskommune angåande igangsetting av trafikksikrings-prosjekt på deira vegstrekningar som er særskild relevante for trygg skuleveg.
g) Forstudien skal belysa korleis rekkefølgjekrav kan implementerast for å sikra trygge skulevegar.
h) Alternativa må vise til romsleg og tilstrekkeleg uteområde som inviterar til fysisk aktivitet og leik.
i) Kommunestyret ber kommunedirektøren om å ha gode medverknadsprosessar med Samarbeidsutvala/FAU og tillitsvalte i utarbeidelsen av forstudien.
j. Kommunestyret ber om at forstudien vert gjennomført av ekstern aktør, med mål om handsaming desember 2024.
3. Kommunestyret ber kommunedirektøren koma attende med eiga sak om framtidig bruk av Litlabø skule, samt tilhøyrande nærmiljøanlegg.
4. Kommunestyret vedtek Kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024-2034 med endringar etter punkt 1, 2 og 3 over.»