Arbeidsløysa i Sunnhordland ligg langt under snittet

I mai står 1,1 prosent av arbeidsstyrken heilt ledig i Sunnhordland. Det er ein nedgang på 62 heilt ledige personar i høve april månad. 

– Me er attende i ein situasjon med stabilt låg arbeidsløyse i Sunnhordland, etter ein liten auke i starten av året som eit resultat av mellombels permittering. Det har dei to siste månadane vore noko fleire langtidsledige, altså ledige som har vore registrert i 26 veker eller meir, og me følger situasjonen tett, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland. 

I same periode har NAV registrert 413 ledige stillingar. Dette er ein nedgang på 116 stillingar i høve april.  

– Denne månaden har årets høgast tilgong på stillingar per verkedag. Med andre ord er der mange ledige stillingar i den lokale arbeidsmarknaden – heile 91 fleire enn talet heilt ledige i regionen vår, seier Håvard Lægreid 

Seks prosent legemeldt fråvær i Sunnhordland 
Nyleg kom NAV med oppdaterte tal sjukemelte for første kvartal. For Sunnhordland er det legemeldte fråværet seks prosent av avtalte dagsverk.  

– Talet sjukemeldte går noko ned i Sunnhordland, mot første kvartal i fjor. Me lyt sjå dette i ein heilskap: me har særleg låg arbeidsløyse i regionen, og bedriftsundersøkelsen viser at 17 % av verksemdene har hatt store utfordringar med å få tak i ønskja kompetanse. Verksemdene må arbeide godt og systematisk for å halde så mange som råd i arbeid, og samstundes kjenne til at dei kan få hjelp hjå NAV for å rekruttere. Vår vurdering er at mange kan ta seg arbeid med litt hjelp, eller litt tilrettelegging, seier Lægreid 

På same tid viser Lægreid til at talet som er gradert sjukemeldt veks i Sunnhordland. Meir enn kvart femte sjukefråværstilfelle er graderte – som er det høgaste i første kvartal på fleire år.  

– Dette viser at fleire arbeidsplassar allereie gjer ein innsats med å legge til rette for tilsette som har helseplagar. Denne trenden må halde fram, då det bidreg til betre helse for dei tilsette og redusert kostnad for verksemdene. I tillegg trur me legane gjer enda betre vurderingar, seier Lægreid.  
 
Han oppmodar arbeidsgivarar til å vere proaktive og bruke dei ressursane som er tilgjengelege gjennom IA-avtalen og NAV sine tenester. 

To kommunar under éin prosent 
I Sunnhordland er det i mai lågast arbeidsløyse i Stord og Fitjar kommune (begge 0,8 %). Snittet for heile Sunnhordland er på 1,1 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland (1,7 %) og landet (1,9 %).