I solnedgangen torsdag runda skuleskipet «Christian Radich» Sponholmen og seig roleg inn på Vikafle. Utfor Oma Baatbyggeri let den tremastra fullriggaren ankera gå og la seg til for natta. Seglaren som vart sjøsett frå Framnes verksteder i 1937, stoppa over på Leirvik på vegen til jubileumsmarkeringa på Moster. Frå fredag ettermiddag (kl.1600) ligg «Christian Radich» til kai på Dalaneset, og inviterer til ope skip. Søndag blir kursen sett attende til Oslo.