I høve «Folk i sentrum» 8. juni inviterer Leirvik AS til familiedag på Stord Maritime Museum. Frå denne dagen vil Leirvik AS si industrihistorie vera å sjå og lesa på museet. Det vert offisiell opning av historievegg kl. 11.30.
Det er lagt opp til ein spannande og innhaldsrik dag, med gratis inngang for både born og vaksne, og gratis is til alle born takka vere Leirvik AS som dekker inngangsbilletten.
Mykje nytt å sjå. Mykje å oppleva. Nye historier vert fortald.
Det blir ei flott moglegheit for born og vaksne til å lære meir om regionens viktige maritime historie, sjå spennande demonstrasjonar, aktiviterar for born og nyte god musikk. Sal frå kiosk.
Ta med familie og vener til ein uforgløymeleg dag på museet! Programet finn du på Venelaget for Stord Maritime Museum sin Facebook-profil. Me gler oss til å sjå deg der!
Gunnar Bjørk