Den årvisse songstunda i Vidtsteenparken får ein ny dimensjon i år! 9. juni stiller Stord demenskor på scena for første gong. Koret vart skipa hausten 2023 med Stord Fitjar demensforeining som ein viktig aktør. Pårørande og om lag 10 frivillige støttar opp om dei 15 songarane. Dei møtest på Nysæter ungdomsskule kvar tysdag til øving, sosialt samvære og kaffikos.
Dirigent og musikalsk leiar er Aud Mathieson og akkompagnatør er Guro Holmberg.
Endre Olsen og Klangboltane er kjente og populære innslag. Dei stiller med godt humør og friske melodiar. Tribuneorkesteret er på plass, og Øystein Olsen er forsongar.
Tilskipar er Venelaget for Parken