Med seks røyster frå fleirtalskoalisjonen mot fem røyster frå opposisjonen innstiller Utval for oppvekst og kultur på slikt vedtak når den betente skulesaka skal til endeleg avgjerd i kommunestyret. Saka var til førehaving i utvalet no tysdag:
1. Kommunestyret vedtek å leggja ned Litlabø skule frå skuleåret 2024-25 etter Alternativ 1 i Kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024- 2034.
1.1 Kommunestyret gir kommunedirektøren i oppdrag å oppgradera/ auka kapasiteten på lærararbeidsplassar og garderobar ved Tjødnalio skule i samband med nedlegging av Litlabø skule og auke i tal lærarar på Tjødnalio skule.
1.2 Kommunestyret gir kommunedirektøren i oppdrag å syta for at trafikksikrings-tiltak knytt til Tjødnalio skule vert gjennomførte etter kommunen sin trafikksikringsplan. Avbøtande tiltak skal iverksetjast innan dette er på plass.
1.3 Kommunestyret set av 9 mill. kr til oppgradering av Tjødnalio skule og gjennomføring av trafikksikringstiltak i samband med nedlegging av Litlabø skule.
2. Kommunestyret ber kommunedirektøren førebu eit forprosjekt på samanslåing av Leirvik og Langeland skule, med etablering av ein ny skule til skulestart 2027-28.
2.1 Skulen skal ha fasilitetar som er rekna ut frå elevtalet i skulekrinsen i alternativ 3b
2.2 Dei skulefaglege kvalitetane må tydeleg koma fram.
2.3 Skuleanlegget må planleggast for at det kan naturleg utvidast ved behov.
2.4 Skuleanlegget må planleggast for romsleg og tilstrekkeleg uteområde som inviterar til fysisk aktivitet og leik.
2.5 Alternativet skal inkludera ny fleirbrukshall, der ein nyttar midlane som er avsett til ny rackethall.
2.6 Forprosjektet skal ha ei grundig utgreiing om korleis ein kan betra trafikktilhøva og dei ulike skulevegane frå dei ulike områda i alternativ 3b
2.7 Forprosjektet skal innehalde vurdering/utgreiing av mogelege tomter i skulekrins 3b.
2.8 Skuleanlegget må tilretteleggast for mogeleg grøne energiløysingar (fjernvarme, solceller o.l)
2.9 Kommunestyret ber om at Samarbeidsutvala, samt tillitsvalde vert invitert inn i forprosjektet.
2.10 Forprosjektet må vise korleis ein ser for seg framtidig handtering og organisering av SFO
2.11 Handtering og organisering av framtidig innføringstilbod til elevar i barneskulealder
2.12 Prosjektet må kunna realiserast som totalenterprise.
2.13 Kommunestyret ber administrasjonen gå i dialog med Statens Vegvesen og Vestland Fylkeskommune angåande igangsetting av trafikksikrings-prosjekt på deira vegstrekningar som er særskild relevante for trygg skuleveg ved etablering av ny skule.
2.14 Kommunestyret ber om at prosjektet vert gjennomført av ekstern aktør, med frist til politisk handsaming innan vedtak av kommunebudsjett for 2025.
3. Kommunestyret ber kommunedirektøren koma attende med eiga sak om framtidig bruk av Litlabø skule, samt tilhøyrande nærmiljøanlegg, og evt. Andre skuleanlegg seinast våren 2025.
4. Kommunestyret vedtek Kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024-2034 med endringar etter punkta over.