Trong for besøk av greinsaks

Dette er ikkje god nok fri sikt for den som skal svinga av Frugardsbrua mot Ådland/Sjukehuset. (Foto: Steinar Hystad)

Eit årleg maifenomen dette, at nedste lauvfulle greiner på trea nedom nordenden av Frugardsbrua sperrar for trygg sikt innover Hystadvegen. Ikkje nett så avgjerande farleg for dei som skal vidare innover Hystadvegen, men til stor fare for dei som skal opp Ådlandsvegen og Tysevegen og har vikeplikt for sør-rullande trafikk.  Her er me på fylkesveg, så difor blir bøn om besøk av entreprenør med greinsaks sendt den vegen.