Kommunegrensepresisering

Skiljet mellom Stord og Fitjar går om lag der bilen er, rette oppfor avkøyrsla for Mehammar – snuplassen på Eide er det første som ventar rundt svingen. (Foto: Steinar Hystad)

«E39 ved Børtveit i Fitjar kommune – Parkeringsregulering på snuplass». Dette er den formelle tittel på ei skiltsak som for tida er til offentleg høyring. Planen er å setja opp skiltet som varslar PARKERING FORBODE  på snuplassen for buss på Børtveit, går det fram av brevet frå Statens Vegvesen si avdeling på Lillehammer. 

På vegner av Fitjar kommune svarar konstituert kommunedirektør John Karsen Raunholm – at ein ikkje har merknader til framlegget om skilting på denne snuplassen. Så blir det lagt til, i halvfeitt skrift,:

Konstituert kommunedirektør vil minna Statens vegvesen  om at denne snuplassen ligg på Eide i Fitjar kommune. Børtveit er framleis ein del av Stord kommune.