Pålereir

Litt vågal satsing  – med reir på toppen av kaipålen. (Bilete tipsar)

I søken etter høvande fødestad for neste generasjon  har eit  tjeldpar satsa med reir på toppen av ein kaipåle i Sunnhordlandsbassenget. Der  er to egg lagt på eit lett lag av tilført bark – og der skal  ho og han hjelpast åt å ruga fram to nye tjeldar. Ein jobb som er rekna til å ta mellom 24 og 27 dagar. Kan verka som  eit sjansespel,-  som kan krevja  varme lukkeønske på vegen.

Tjeldar i strandsona er eit godt vårteikn lags kysten vår. Nasjonal fugl på  Færøyane, der dei har festdag når han kjem oppover frå vinteropphaldet i «syden» ein dag i mars.