Dags for «operasjon buskmann»

Lite å sjå for dei som stilte seg på «fast 17. mai-plass» i øvre del av Nordre kaisving. (Foto: Steinar Hystad)

Tidlegare år hadde me  eit eige kommunalt trafikksikringsutval i Stord. Når lauvet vaks seg stort og tett langs vegar og kryss, kom det frå utvalet oppmoding til alle og ein kvar om å bli med på ein «operasjon buskmann», for å betra sikten. 

Stordront.no sin utegåande kom i hug det godtarbeidande utvalet då flagget skulle heisast i Nordre Kaisving tidleg 17. mai morgon. Der møter ein fast kjerne som har sine faste plassar å stå og sjå på seremonien. Dei som har den gode vane å stå i øvre del av svingen, fekk i år med seg når flagget gjekk til topps, men elles lite av det som skjedde ved minnestøttene.  Dette for skuld  høg og kraftig tilvekst av grønt lauv kring stabbesteinane.

Det er så absolutt høvande med  «operasjon buskmann» –  også med tanke på utsynet over Vikafle.