Laaangt Borgartog og mange i Parken

Godt besøkt i parken  på ettermiddagen søndag. (Foto: Steinar Hystad)

I fjor var det kaldt syttande om ettermiddagen, i år herleg varmt  med ein tidvis svalande bris – og det er med fullt belegg ein kan påstå at stordabuen kjende si besøktstid. På Leirvik krydde det av godtfolk i bunad og andre stasklede og det var naturlegvis mange smilefjes i sjå.  Ros skal sendast IL Solid og Trott som frå sin bydelar hadde mønstra solide kontigentar til Borgartoget, der Stord IL sine mange grupper var lengste innslaget. I år baud toget på  danseinnslag, musikk og akrobatikk og eksotisk dans, pluss fleire hundre russ. Stord har så visst eit yrande kulturliv.

Mange følgde toget til Parken der det var tradisjonelt program med song frå Leirvik Mannskor og marsj frå Stord Musikklag. Kommunedirektør Tommy Johansen var dagens hovudtalar.

MANGE hadde møtte opp for å sjå Borgartoget, med kommunedirektør Tommy Johansen, 17.maisjef frå Turngruppa Kjartan Grov og ordførar Sigbjørn Framnes i front. (Foto: Steinar Hystad)
I BORGATOGET I 30 år: Med gladsong, gladmusikk og rette kostymar – og i år med ny «30 årsfane» – vart det markert at Vestenfjeldske Revkroklaug af 1803 har vore eit trufast innslag i Borgartoget sidan OL-deltakinga i 1994. Gratulerer. (Foto: Steinar Hystad)
TRAVELT KORPS: Unge Musikantar frå Leirvik, Hystad og Rommetveit skular hadde ein travel nasjonaldag med deltaking i fire tog. På Hystad skule, Leirvik, Rommetveit og i Borgartoget. -Me takkar for innsatsen. (Foto: Steinar Hystad)