Flaggheising i strålande 17. mai sol

Morgonseremoni  med flaggheising i det finaste 17.maivér som tenkjast kan. (Foto: Steinar Hystad)

Salutt frå Moloen presist klokka 0800, og rett etter vart flagget i raudt, kvitt og blått heist i Nordre Kaisving. Stord Musikklag spelte nasjonalsongen og  17.mai-formann i turngruppa til Stord IL, Kjartan Grov, helsa vel møtt og gav ordet til stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland som heldt minnetale ved støtta over statsråd Baard Haugland. Han var første bonde i den norske regjeringa, han var ordførar i Stord, forretningsmann og ein framsynt mann på dei fleste område.  – Og ikkje minst innan samferdsle, noko eg, som medlem i samferdslekomiteen er stolt over og har som førebilete, sa Eskeland.  Ho bad oss alle verna om det levande norske demokratiet og ønska alle ein god nasjonaldag.

Det var lagt ned krans ved støtta av  Baard Haugland og minnestøtta for dei som omkom i Austri-forliset.  

Tradisjonen tru gjekk  morgontoget med speidarane i front med flaggborg, musikklaget og Leirvik mannskor vidare til  sjukehuset for å halda konsert for pasientar og tilsette der.  Alt i det finaste   17.mai-ver som tenkjast kan.

Liv Kari Eskeland lad ned krans og heldt tale ved støtta av Baard Haugland. (Foto: Steinar Hystad)
Helsa Grunnlovsdagen velkommen med flagheis øvst i krana (Foto: Steinar Hystad)
Bjørn Øystein Waage helsar alle på Stord ein god 17. mai i frå Tokyo.