17.mai på Leirvik 1974

(Foto: Tor Resser)

I morgon ettermiddag kring avgangstid for Borgartoget frå Torget mot Parken, er det på timen 50 år sidan Tor Resser sikra desse to fotominna frå Leirvik.  Då, som mange syttandemaiar seinare, var Gerhard Haugland togførar, og det ser ut for at han taktfast fører an ned Osen.

I Borggata venta stordabuen på at Borgartoget skulle koma – slik me framleis gjer om ettermiddag 17. mai.  

Rår til å sjå litt utanom tog og folkesamling, det er mykje som er endra i sentrum på desse 50 åra – som er gått. Ha ein fin 17. mai 2024.

(Foto: Tor Resser)