Det er så mangt som gjer oss godt, seier dei som forskar på slikt. Å ta fri i dag, som vert omtalt som ein inneklemt fredag, skal for dei som har høve til det vera eit gode – fordi det gjev meir kvile for kropp og sjel å ha fri fire dagar, enn enn to dagar – slik ei normal helg byr på. Ikkje så at me har gått å lurt på fenomenet, men det er godt å få det frå velinformert hald i NRK-dagsnytt. Neste helg blir like lang – for alle, faktisk. Så godt helg til deg og dine.
Ta nokre visdomsord med på vegen:
– Du kan saktens syngja, du som ingen skatt skal betala, sa bonden til lerka (Svensk)
– Ei god vise skal alltid syngjast til ende (Dansk)
– Det er lett å dansa når lukka spelar opp (Norsk)
– Ingen kan dansa som fanden, og ingen syngja som hans oldemor (Svensk)
– Når steinen er kasta, er det vanskeleg å få han tilbake (Norsk)
Så nokre ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan, samla av Ola Høyland:
Glisa = flira, fnisa
Glossa = glimt av blå himmel mellom skyene
Gløsa = Glo, stira
Glåma = stira
Gnaldre = om kald vind, eller ei kvinna som stendig skjenner