Her veks det også vill-tulipanar

Gode tilhøve for blomevekst og nektarsanking  på plenen ved Rådhuset desse maidagane. (Foto: Steinar Hystad)

Ei herleg blanding av grønt gras, irande gul løvetann og lysfiolett engkarse, alt saman for tida i litt over normal høgde, set sitt nett no sitt preg på plenen mellom Rådhuset og Sævergen. Det har si forklaring, seier Ingrid Arnevik, formann for grøntavdeling i Stord kommune.

– I kombinasjon med litt sparing av kroner gjennom nokre færre slåtterundar, har me faktisk eit spennande planteforsøk gåande  på dette arealet.  Ser folk godt etter, vill dei mellom vekstane  i plenen finna mange vill-tulipanar. Dei er me spente på korleis vil utvikla seg når alt får gro over litt tid.

– Har kommunen også ein ekstra tanke på arbeidstilhøve for nektarsankande bier?

– Så absolutt, det summar godt mellom blomane på Rådhusplenen om dagane, og dei skal få jobba i fred ei stund til, seier Arnevik til stordront.no.