«Dragen» – til å kvila på

Berre å setja seg nedpå  «Dragen» er klar for bruk. (Foto: Steinar Hystad)

Der det skin i nylakka treverk, er det planen at godtfolk som besøkjer Leirvik Torg skal kunna sitja nedpå, ta ei kvild og ein prat. «Dragen» er namnet på konstruksjonen som snor seg mellom dei vaksne lauvtrea  utfor «Sparebankbygget». Korleis det heile tek seg ut frå lufta, er å sjå om ein googlar seg inn på foto og videoar lagt på nettet av verksemda Skipstømraren AS på Jensaneset.  Det er operatørar derfå som har forma  tre-setene, medan Dåfjorden Slipp AS har hatt stålarbeidet på den originale benken, sponsa av Sparebanken Vest.