– Lukke til med flott festivalhelg

Fitjarbygda skal presenterast på beste vis  festivalhelga. (Illustrasjonsfoto: Google Street View)

Dagane 21., 22. og 23. juni planlegg Fitjar Festivalforening stortilt arrangement i på  kaiområdet og parkeringsplassane kring Larsen Multihandel. Der skal det riggast bodgate, serveringstelt og konserttelt – og søknad om arealet er sendt kommunen. Konstituert kommunedirektør, Johan Karsten Raunholm har sjølv signert eit hyggjeleg svarbrev til festivalgjengen.  Her skriv han:

«Omsøkte  område er i privat eige gjennom Larsen Eigedom AS. Forstår det slik at  det er god kommunikasjon mellom festivalleiing og Larsen Eigedom AS, slik at dette verta ordna på en minneleg måte.

Fitjar kommune har elles ikkje merknader til arrangementet. Lukke til med ei flott festivalhelg som vil representera   Fitjarbygda på ein god måte».