Kulturhuset byr på ekstra anleggslydar for tida, i samband med ombygging av kunsthallen. Arbeidet er i tråd med kommunen sine nyare vedtak om arealeffektivisering, som går ut på å kutta leigekostnader og ta meir i bruk eigne bygg til eigne aktivitetar.
– Såleis er leigeavtalar i Osen 6 sagt opp, og kulturskulen sine tilbod om parkour og dans blir flytta til ombygd (og delt) kunsthall i underhøgda i Kulturhuset. Dei nye lokala skal vera klare til bruk ved skulestart i haust, opplyser kultursjef Anne Lene Østervold Jordåen til Stordront.no.