«Hi sio» i 1974

Bilete: Utsynet frå moloen mot Skotaberg og Leirvik i 1974 (Foto: Tor Resser)

Sidan Skotaberg, Teinevikjo og vidare med låg på andra sio av Leirvik hamn, vart det naturlegast namnet på bydelen enkelt og greitt  «Hi Sio». Det var den nemning som vart brukt av vikabuen då Tor Resser tok dette svært så forteljande biletet i 1974 – for 50 år sidan. Utan å ta nemnande hardt i, er det inga overdriving i å hevda at endringane i bybiletet her har vore formidable. Det gjeld også endringane i lystbåtflåten.

Eit par haldepunkt finst enno att: – Det kvite gamle kraftlagshuset inst i Teinevikjo, som i si tid var flytta frå Naustneset (bussterminalen) og over til «Hi Sio» –  og Thiisafabrikken.