Ny vektklasse for kommunale vegar

(Foto: Steinar Hystad)

Det skal i sommar hentast inn nye anbod på  busstransporten i fylket, og frå politisk hald er det vedteke å satsa på el-bussar. Det betyr

Batteripakkar om bord, som gjer bussane tyngre enn dei som køyrde rutene  no, og som krev annan vektklasse på vegane. 17 av dei kommunale vegane i Stord som er ferdselsår for bussar har trong for opphøga vektklassen frå  Bk8 til Bk10. – Kan det bli gjort noko med, spurde Skyss. Her er Svaret frå Stord kommune:

«Me har konkludert med at me kan endra brukarklasse til Bk10 på 16 av dei nemnde vegstrekningane. På stekninga, Kv1245 Kårevikmarkjo, er det ei bru me må undersøkje før me eventuelt kan kan endra bruksklasse.  Veglistene vil bli endra for dei nemnde 16 strekningane i løpet av mai»