Der kom varmen!

– På glatt føre er det hektisk å bli gamal, er det sagt frå barnemunn. I slikt lys skal ein gå høgreist når vinteren endeleg slepp taket og varmen rullar over landet med vel 20 herlege grader.  Som takk vart boblejakken hengt i skapet  og  stuttbuksa henta frå skuffa si. Og masse smilefjes å sjå kringom.  Kom  mai du skjønne milde, song diktaren, og hadde så rett, så rett.  No er det berre å nyta dagane  og  kanskje smaka på første softisen..  God helg.

Nokre ordtak  om livet generelt kan vera greitt å ta med:
– Av og til er det motsette kjønn litt for motsett (Sverige)
– Det finnest ikkje betre menneske enn kvinnfolk og mannfolk (Dansk)
– Elsk me når eg fortener det mist, for då treng eg det mest (Sverige)
– Mannemot er bra kan hende, men kvinnelist er utan ende (Norden)
– Mange helsar på ein komande svigerson – utan å vita det. (Norsk)

Så nokre ord på veg ut or stordamålet alt for 50 år sidan:
Hama = pynta, fjelga
Hamla = skuta båten baklengs med årane
Hattafoka = skundig, ha det annsamt
Hima = hinna på himmelen eller augo
Hiren = slapp