Humøret var på topp og godorda sat laust hjå dei vel 1000 som var innom Gruo på Litlabø onsdag – som lukkeleg nok fall saman med første sommardagen i år. Om det vart ventetid for å koma med toget frå Gruo Stasjon, så visste passasjerane at det ville ordna seg om litt. Andre valte å følgja dei guida turane til fots inn i fjellet, der det var gruvedrift i 100 år – fram til 1968.
Frå 1993 har Venelaget for Gruo jobba anlegget opp til Unesco-status, og det er det mange som set pris på. Også langt ut over kommune- og landegrensene. All honnør til kjempeinnsatsen frå dugnadsgjengen.
På heimesida til Venelaget for Gruo er programmet for sommaren kunngjort – med start 3. juli.