Rydda botnen i gjestehamna

Biletet: Henta opp for botnen i gjestehamna – og no på veg mot miljøsentralen. (Foto: Steinar Hystad)

Ein sparkesykkel, mange bildekk, eitt mopeddekk, nokre mindre presseningar og ei mengde glasflasker. 

Igjen vart det «god fangst» for  Stord Undervannsklubb sin ryddedugnad under Leirvik gjestehamn. Det var i kveldinga tysdag  ein del fridykkarar i klubben  var med å henta opp diverse søppel kring gjestebryggene. Mykje bar preg av å ha lege lenge  i sjøen  – og lukta deretter.

– Godt å få opp skrotet, takk til undervannsklubben for hjelpa, helsar hamnesjef Inge Espenes