Korleis løfta og bera kanina rett? Kva slag mat kanina skal ha. Korleis ta temperaturen? Korleis klyppa klør?
Dette er spørsmål om kaninhald som får sine svar på eit kurs på Hovudbiblioteket i Kulturhuset laurdag komande klokka 12:00.
Biblioteksjef Elin Mariboe er kurshaldar. Ho driv sjølv oppdrett av kaninrasa hollender og vil ha med seg unge hollenderar på kurset – som er gratis og ope for alle.