Fitjar ber om kvotefri hjortekalv-jakt

Det aukar på med hjortar på nord på Stordøy  – og på Huglo, der dette biletet vart teke ein sommarkveld. (Foto: Steinar Hystad)

– «Til trass for tidlegare tiltak, som hyppip bruk av fråvik frå minsteareal og utstskriving av skadefellingsløyve på hjort, opplever me framleis store arealkonfliktar. Skadene på innmarkene våre har ein direkte verknad på den lokale landbruksnæringa.»

Dette skriv Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor i søknad til  Miljødirektoratet, om kvotefri jakt på hjortekalv i Fitjar kommune.  Vedtak om å senda slik søknad vart teke på eit møte i  viltnemnda 23. april i år, og brevet er sendt på vegner av alle hjortevald innom  kommunegrensene. 

I søknaden blir det  vist til vedvarande utfordringar knytt til ein  veksande bestand av hjort.