Heiderspris til Gerda

Gerda Øen i kjent stil, her saman med Marit Sætre Cruickshanks og Jarle Hevrøy. (Foto: Aina T. Westvik, Stord Fitjar Turlag)

Stord-Fitjar Turlagets eiga Gerda Øen vann heidersknappen, skriv nevnte turlag på eigne heimesider. Denne saka er henta i si heilskap derfrå.

Då det var årsmøte i Bergen og Hordaland Turlag vart Gerda Øen heidra med heiderspris til stor applaus. Prisen heiter «Heidersknappen» og den mottek ho for sin gode og tydelege innsats i turlaget over 10år. Noko av begrunninga for at Gerda mottek denne prisen at ho viser eit stort engasjement og at ho alltid går inn med 110% i det ho gjer. Noko me alle som har møtt ho kan skrive under på. Gratulerer med prisen Gerda! Tidlegare har Gerda motteke Solrenningsprisen (2019), som er Bergen og Hordaland Turlag`s friviljugskapspris. 

På bilete ser me Stord-Fitjar Turlag`s medlem Marit Sætre Cruickshanks, som tidlegare har motteke Heidersknappen, og Æresmedlem Jarle Hevrøy. 

SFT har fleire medlem som har motteke Heidersknappen og me ser ikkje vekk i frå at det kjem til å bli fleire i framtida. Me er stolte av alle våre medlem og gleder oss til mange fine turar saman i 2024!