Til liks med stordabuen, likar halsnøybuen å gå på tur og då bli ofte utflukta lagt til greie løyper i Fatlandskogen. Ein stordabu på tur i nemnde område nyleg, merka seg at vår naboar i aust har teke omsyn til at det blir liggjande att «ting og tang» etter dei som ruslar og spring i skogen. På høveleg sentral stad er det oppretta og skilta ein hittegodsavdeling, der ein kan finna att det ein gløymde i farten.
– Ein ide til godt brukte turområde på Stord? – spør tipsaren.