Korrupsjon – hvorfor og hvordan angår det oss?

Guro Slettemark (Foto: Transparency International)

Tysdag 30. april klokka 11 kjem generalsekretær i Transparency International, Guro Slettemark, til Bømlo kulturhus og Senioruniversitetet Sunnhordland med forelesinga «Korrupsjon – hvorfor og hvordan angår det oss?»

Guro Slettemark er utdanna jurist og har sidan 2009 vore generalsekretær i Transparency International Norge. Dette er ein organisasjon som set søkjelys på korrupsjon og maktmisbruk. Tidlegare har ho arbeidd i Datatilsynet og vore medlem i Etikkrådet for Statens Pensjonsfond Utland.

Kva er korrupsjon og kva for skadeverknader har det? Kva er inhabilitet og interessekonfliktar? Kva er samanhengen mellom korrupsjon og interessekonfliktar?

I den siste tida har me vore vitne til ei rekkje politikarskandalar. Generelt nyt politikarane våre og dei offentlege institusjonane høg grad av tillit. Ser me ei utvikling der denne tilliten vert misbrukt til eigen fordel? Og – kva gjer skandalane med det høge tillitsnivået me har i samfunnet?

Dette er spørsmål Slettemark reiser i forelesinga si.

Vel møtt i Bømlo kulturhus 30. april  til ei høgaktuell forelesing!