Den ganske så nye muren på sjøsida av gang- og sykkelvegen gjennom Uføro, er lett å sjå frå hi sida av Langenuen. Det same er oppdrettanlegget nedfor brattberga. Det er når blikket blir retta oppover fjellsida mot Stegane spørsmålet melder seg. I lendet over Uføretunnelen kan det virka som det stig ein slags veg/sti oppover mot Ravnaskukkjen. Eller Middagsskaret – om ved til koplingspunktet for kraftlinene som kjem frå Tysnes.
Spørsmålet blir: – Går det ein slags veg eller sti langs fjellsida over Uføro, eller ser det berre slik ut. Har nokon svaret, ver gild og send nokre ord til tips@Stordront.no.