Planane var å leggja dei nye røyrane frå Vaulane ned mot Lundsseter kraftstasjon i tunnel, men det sa fjellet sjølv nei til. Berget viste seg å vera av ein kvalitet som ikkje var i bora i. Løysing vart å leggja storparten av dei nye vassrøyra i grøft og følgja vegen nedover. Dei første 130 metrane må likevel gå i tunnel i fjellet nedom demningen i Vaulane. For tida er firma Brandvik AS i full gang med å sveisa denne røyrlengda.
– Når tunnel er klar, skal heile røyret heiast opp i Vaulane og treast i fjellet derfrå, opplyser Håkon Brandvik til stordront.no.
Politikarane i Utval for byutvikling, fekk på sist møte informasjon frå einingsleiar Arne Bjelland i teknisk teneste, om at ein har sett i gang tapping av inntaksdammen i Vaulane og at det kommunale vatnet vårt ei tid framover skal renna mot reinsestasjonen i sitt naturelge leie via open elv. Det skal i denne perioden setjast på ekstra reinsing.
Legging av nye vassrøyr er eit tiltak for å sikra forsyninga av godt drikkevatn. Tysevassdraget vart teke i bruk som kommunalt vassverk i 1983.