El-bussane vil krejva sterkare vegar på Stord

Fjellgardsvegen ved Haugland er ein av strekningane som må oppgraderst frå bereklasse 8 til 10 når el-bussane kjem.(Foto: Steinar Hystad)

Stord Kommune har fått ei «ønskjeliste» frå Skyss når det gjeld oppklassing av 17 kommunale vegar for tyngre bussar,  når dei blir heilelektrifiserte. Batteripakkane veg meir en motor og diesel, og det er ei politisk bestilling bak elektrifiseringa av bussparken i fylket – gjeldande frå 2026.  

– Kan vegmyndet hjelpa Stordront med kjapp forklaring av omgrepet vegbruksklasse?

– Det går fram av Forskrift om bruk av kjøretøy at køyretøy og vogntog brukt på offentleg veg, ikkje må ha større vekt eller dimensjonar enn det som vegen er tillate for. 

Bruksklasse er den trafikklast som vert tillate køyrt fritt utan dispensasjon på det offentlege vegnettet. Bruksklasse vert angjeve med forkortinga Bk etterfølgt av største tillate aksellast, skriv Anne Randi Naurstad, i e-posten til Nettstaden..

– Kva tyder  Bk8 i høve til Bk10 ?

– Bk8 (tonn) angjev at vegens største tillate aksellast og last frå akselkombinasjonar på vegen ikkje skal overskride vekt som oppgjeve i tabell i § 5-4 Forskrift om bruk av kjøretøyForskrift om bruk av kjøretøy – Lovdata

Det er tillate å køyre med tyngre køyretøy på ein Bk10 veg enn ein veg klassifisert som ein Bk8 veg. 

– Er det berre å justera opp  frå bruksklasse 8 til 10 «på papiret» – eller må det gjerast noko praktisk med vegane på lista frå Skyss?

– Det må gjerast ein grundig vurdering av tilstand og bereevne på kvar vegstrekning på lista. Dette kan utførast ved hjelp av bereevnemålingar av vegane og vurdering av tilstand på vegane t.d. om vegen har setningar, sprekkar mv. Viss vegens tilstand er dårleg, må vegen utbetrast/ forsterkast før ein kan endra bruksklasse til Bk10.

– Stord kommune har bereevnemålingar på dei fleste av dei aktuelle busstraseane og har dermed eit godt grunnlag for å gjere våre vurderingar, forklarar Naurstad. .