Han låg livlaus tett ved fortauet langs Hamnegata, utan sår eller andre merke som kunne tyda på ulukke eller kamp som årsak til måken sin bortgang. Ein høyrer og les så mangt om å visa varsemd ved behandling av avlidne fuglar. Så kva gjer ein då når ein ønskjer å gå fram på korrekt vis? Svar var å finna på google; – Ta på eingongshanskar og munnbind, legg funnet i ein bossekk som kan snørast godt igjen, for så å leggjast i dunken for rest. Det blei gjort.