Framandelement i  Vikabekken?

Vernegjerdet blir eit framandelement i Vikabekken. (Foto: Steinar Hystad)

Eit brakkebygg er kome opp ved Stord vidaregåande skule på Vikahaugane og i den samanhengen har det vore ein del gravearbeid innanfor inngjerda område. 

Aronderingsarbeidet kring skulen byrjar nærma seg ferdig, og det kan verka som einkvan med ekstra virketrong har hjelpt til med «lagring» av del av spesialgjerdet. Det er nemleg sett opp midt i Vikabekken, ved demningen som kan leia vatnet til den gamle stampa – den nedste av dei to museumshusa ved bekken.  

Resten av gjerdet låg fint stabla på  mc-parkeringsplassen nedom skulen.