Går for kommunalt AS for Vatn og Avløp

Det kommunale vatnet i Stord, samlar seg i Vaulane (biletet) før det renn vidare nedom Lundsseter kraftstasjon og så til vassbehandlingsstsjon før det fossar ut på nettet. (Foto: Steinar Hystad)

Ved  Inngangen til 2025, bør reint kommunalt Tysevatn inn i bustader og andre bygg, og brukte vatn ut, blir utført av eit nyskipa aksjeselskap.

Det meiner fleirtalskoalisjonen i Utval for byutvikling, som hadde saka føre på møtet sist veke. Frå kommunedirektøren låg føre innstilling om å halda fram som i dag, med VA som ein del av eining for tekniske tenester.  Men kommunedirektøren hadde også laga fleire alternative tilrådingar. Med  seks mot fem røyster  vart følgjande  framlegg til vedtak sendt til endeleg avgjerd i kommunestyret:

«Kommunedirektøren får i oppdrag å omorganisera VA-avdelinga til eit AS, etter aksjeselskapslova. Utvalet ber om at ein tilstrebar å halde møte med utvalet og Bømlo/BVA eller Øygarden/Øy før kommunestyremøtet, for å få belyst erfaringane frå desse organisasjonane. Møtet kan haldast på teams. Vedtekter og føremål skal godkjennast av Kommunestyret før ein går over til AS som eigarskapsform. Målet er etablering frå 01.01.2025»