Terje Kleppe og GospelCompagniet til Stord

Komande søndag blir det flotte tonar å høyra i Stord kyrkje. Terje Kleppe har komponert ei messe som heiter «FRED». Han er dirigent for GospelCompagniet, som skal ha konsert søndag 21. april kl. 18.00. Profesjonelle musikarar er med, mellom anna Jan Kåre Hystad.

Terje Kleppe kjem frå Stord, men er busett i Bergen. Han har lang fartstid som musikar. Som 16-åring gjekk han inn i rolla som dirigent i TenSing-koret Sing Sing. På det meste talte koret over hundre medlemmer, med øvingslokale i gamle fengselet. Kleppe er av dei fremste gospelmusikarane i landet, og, som avisa Dagen hadde på trykk 27. januar: «har lært tusenvis å synge gospel», mellom anna som musikklærar på Kongshaug musikkgymnas på Os.

Dei siste åra har han utforska nye musikalske retningar. Iveren etter energisk og hurtig gospel hamna i bakgrunnen for rolegare tonar, som vart til «FRED» – ei messe. Messa speglar ei personleg reise som Kleppe sjølv omtalar som ei lengt etter ro og kvile.

Det er stas at Terje Kleppe og GospelCompagniet kjem til Stord. Dette blir ei flott musikalsk oppleving i Stord kyrkje.

K.I.H