Fredag 19. april klokka 19 skjer det! Damekoret Corona entrar scenen på Arena! Koret byr på seg sjølv, og framfører kjente songar som «It’s raining men», «Vise for gærne jinter» og «Lua av». Publikum kan også gleda seg til solosong og kanskje ein allsong eller to. Tarald Tvedten vert med som gjesteartist, og koret er leia av Irene Simonsen si stødige hand.
Damekoret Corona ønskjer alle hjarteleg velkomne til konsert, billettar kan kjøpast i døra eller på førehand på https://ticketco.events/
Velkomne til konsert!