Det er mest ikkje til å tru kor klar naturen er til visa vårkreftene, trass vasskulde med is på frontruta og temp kring nullpunktet på morgonkvisten den 15. april. Ein månad og tre dagar før det skal pyntast til nasjonaldagsfeiring, byrjar pynt somme stader alt å bli klar. Og det er tidleg for lauvsprett på bjørka. På søndagsturen i lunt lende merka me oss både gul blom på løvetann og nokre forsiktige raude blomar i blåbærlyngen. Gode prov på at våren går sin gode gang – medan me observatørar trykkjer det er godt med vottar på, framleis.